Dimnarevyen

Du fann oss, ja?!

Velkomen til Dimnarevyen - eitt av dei beste søkjetreffa du nokon gong har gjort. 

Vi er ein gjeng med glade amatørar, som byr på latter, heimelaga humor med både alvor og skjemt, med skråblikk på samfunnet og kvardagen - og ein god dose galskap. 

Her lagar vi alt sjølv; frå sprø sketsjar og fengande songar, til dei tørre vitsane vi rett og slett ikkje klarte å kutte. 

Målet vårt er enkelt; å skape humor som treff alle, utan at nokon kjenner seg trakka på. 

Vi sparkar aldri nedover - men vi meinar det må vere lov å sparke litt oppover 🙂